Geiranger

  • dalsnibbakikkert.jpg
  • Geiranger_11122.jpg
  • ornesvingen.jpg

Geiranger er sjølve underet blant naturperlene i Fjord-Noreg med majestetiske, snødekte fjelltoppar, vakre og ville fossar, frodige fjellsider og ein djupblå fjord – ja, det er som eit eventyr. Bli med på fjordsightseeing og opplev alt dette. Eller følg vegane som klatrar bratt gjennom mange hårnålssvingar, opp til Dalsnibba, Flydalsjuvet og Ørnesvingen. Herifrå har du fantastisk utsikt over eitt av dei vakraste reisemåla i verda.

I Geiranger møter du språkmektige og hjelpsame menneske som har eitt mål for auget; at opphaldet ditt i Geiranger skal bli ei positiv og minnerik oppleving. I Geiranger er du hjarteleg velkomen!

Flydalsjuvet