news01

 Geiranger Adventure AS tilbyr utleige av bilar, scooterar og syklar for meir private turar rundt om i Geiranger sine fantastiske omgivnadar. 

news01

Å leige bil gir deg fridom og høve til å sjølv å bestemme stoppestader. Geirangerfjorden og distriktet omkring byr på majestetiske snødekte fjelltoppar, brusande fossefall, frodige marker og ein djupblå fjord. Ein biltur kan også kombinerast med sykkel delar av vegen for å få ei komplett og unik oppleving. Geiranger Fjordservice AS er agent for Hertz Bilutleige.

flydalsjuvet geiranger

Bli med på busstur til toppen av Geiranger - Dalsnibba 1500 M.O.H

Ein av dei vakraste og mest spektakulære bussturane i Noreg. Ei oppleving du seint vil gløyme! Vi stoppar også på dei verdsberømte utsiktspunkta Flydalsjuvet og Dalsnibba

Nordic Walking

Bli med på Nordic Walking-tur! Det er ein tur med stavar i roleg tempo, men likevel med god treningseffekt. Vi skreddarsyr opplegg etter ynske om intensitet: frå det heilt rolege til reine treningsturar. Den verdskjende maratonløparen Ingrid Kristiansen har eigenhendig vore i Geiranger og plukka ut løyper som blir nytta når vi tek deg med ut på tur. Det vert gitt enkel introduksjon i teknikk, og ein smakebit av lokalhistorie undervegs.

news01

Ein flott og variert rundtur med panoramautsikt.
Daglege avgangar frå Geiranger sentrum til Flydalsjuvet og Ørnesvingen. På førespunad kan vi gjere fleire stopp. Vi kan òg stoppe ved alle hotell og campingplassar.
 

news01

Kombiner gjerne sightseeingtur på fjorden med ein fottur til fjellgarden Skageflå. Skageflå er den mest kjende fjordgarden i Geirangerfjorden, mykje på grunn av at Kong Harald og Dronning Sonja feira sølvbryllaupet sitt her i 1993.

 

 

teaser_union

 

Hotel Union Geiranger vert i dag drive av 4. generasjon Mjelva. I over hundre år har gjester kome hit for å overnatte – og for å oppleve. Monja og Sindre Mjelva ynskjer deg varmt velkomen – til eit komplett og moderne hotell, midt i eit verdskjent og vakkert fjordlandskap.