news01

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark. Frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige og tronge Briksdalen. Eit syn som kvart år trekkjer til seg 300 000 gjester frå heile verda.

news01

Målet med familierafting er å tilby ei rolegare form for rafting, der born ned til ti år kan få prøve seg. Dette blir ein perfekt tur for heile familien. Her legg vi stor vekt på tryggleik og moro, så det blir høve til mykje bading og leik. Familieraftinga går føre seg i den rolegaste delen av Valldøla, ei strekning på ca 5 km.

news01

Den idylliske Herdalssetra i Norddal har 300 års ubroten setertradisjon, og er – med sine 300 mjølkegeiter – ei av dei største fellessetrane for geiter i landet. På setra er det også kyr, sauer og fjordhestar. På Herdalssetra finn ungane eit ekte leikeland med naturlege seteraktivitetar.

news01

Stryn Sommerski er det mest kjende sommarskisenteret i Nord-Europa, med flotte forhold gjennom sommaren. Skisenteret ligg ved den hundre år gamle nasjonale turistvegen, Gamle Strynefjellsvegen (fylkesveg 258). Her er det gode forhold for snowboard, alpint, telemark og langrenn.

news01

Trollstigen er eit imponerande veganlegg der vegen slyngjer seg i elleve hårnålssvingar langs bratte fjellsider. Kvar sving har sitt eige namn, gjerne kalla opp att etter arbeidsformannen på det anleggslaget som bygde svingen. Svingane vitnar om dyktig handverk. Dei er mura opp av naturstein på steile fjellsider eller hogde inn i fjellet.

 

news01

Demminga av Zakariasvatnet med ei 96 meter høg betongdemning i 1968 representerte eitt av dei største naturinngrepa i området vårt. Mellom anna vart tre gardar sette under vatn.