news01

Opplev Geirangefjorden i full fart og i frisk sjøsprøyt; ei altoppslukande oppleving av Geirangerfjorden på nært hald. Med open hurtiggåande RIB-båt kjem du nærare denne fantastiske naturen enn du trur. Desse båtane går heilt inn til fossane og gjer fleire stopp undervegs, slik at du får oppleve dei mest kjente attraksjonane på nært hald. Hugs kamera!

news01

Den beste måten å oppleve Geirangerfjorden på er sjølvsagt sjøvegen! Sjå dei frå flytta fjordgardane, og høyr dei fascinerande historiene om dei som budde der "ingen skulle tru at nokon kunne bu". Kom tett på fossane Dei sju søstrer, Friaren og Brudesløret. Dette er naturen på sitt villaste og vakraste!
Nyt ein kopp kaffi og nysteikte vaflar medan du tek innover deg synet av Geirangerfjorden, fjellgardane og dei majestetiske fjella. Kom tett innpå dyra i deira vante omgivnader. Er du heldig, får du sjå niser leike langsmed båten – ei klassisk Geirangerfjord-oppleving!