news01

Active Geiranger ønskjer å gi deg ein aktiv ferie i Geiranger. Vi leiger ut motorbåtar, kajakkar og fiskeutstyr. Vi arrangerer også daglige guida turer med kajakk. Vi har òg båttaxi som køyrer deg ut til dei kjende fjordgardane. På denne måten kan du sjølv bestemme når du vil reise eller bli henta.

 

 

Prøv ein personlig tur med guide og utforsk den ville fjorden, området rundt og fjellgardane. Turen startar i Geiranger hamn, og tek deg ut til ein av dei mest kjente gardane i Geirangerfjorden, Skageflå. Turen går ut Geirangerfjorden på venstre side og du går ut av kajakken i Skagehola. Her startar turen opp mot Skageflå 240 meter over havet. Det er ein bratt og spektakulær veg opp til Skageflå, og med ei fantastisk utsikt. Du ser rett mot fossane «dei sju søstre», «friaren» og mot fjorden. Guiden fortel om fjorden, gardane og fossane. Guiden vil ta godt vare på deg. Husk å ta med kamera, så du kan forevige desse fantastiske omgivnadane. Etter eit kort opphald på garden går vi ned att og padlar tilbake til Geiranger.

Bli med oss på ei kjekk og avslappande oppleving, der du kjem nært på denne majestetiske fjorden. Å padle her er fantastisk. Uansett ver, og uavhengig av kva tidlegare erfaringar du har med å padle. Turen startar i Geiranger sentrum og vi padlar ut til garden Homlong. Dette er ein gammal gard som no er mest brukt til camping og hytteutleige. Herifrå er det fin utsikt mot Dalsnibba og dei andre fjella som ruvar høgt over Geiranger sentrum. I tillegg har du god utsikt mot Ørnevegen som svingar seg oppover og ut av bygda. Hugs å ta med kamera så du kan ta unike bilete medan du sit i kajakk på Geirangerfjorden..!

Dette er ein kombinasjonstur, der du får med deg både ein ein fantastisk padletur og ein av dei flottaste fotturane vi har i Geiranger. Du startar i Geiranger hamn, og padlar ut langs fjorden til Skagehola. Her går du ut av kajakken og går opp til Skageflå som ligg 240 moh. Kajakkane blir transportert tilbake til Geiranger av vår sightseeing-båt, «Geirangerfjord». Turen opp er bratt og spektakulær, og med ei fantastisk utsikt. På turen opp har du utsikt mot fossane, «dei sju søstre», «friaren» og mot fjorden. Etter ein liten stopp her held turen fram vidare oppover og tilbake mot Geiranger sentrum. Høgste punkt på turen tilbake er på Homlongsætra 544 moh, og turen tilbake til sentrum kan forventast å ta ca. 2 timar. Guiden vil fortelje deg om gardane, fossane, fjorden og ta godt vare på deg på turen. Hugs å ta med kamera, så du kan forevige desse fantastiske omgivnadane.

 

Opplev Geirangerfjorden frå kajakk. Det er ein unik måte å oppleve fjorden på å komme ned på (ned i) fjorden på denne måten. På denne turen, «Sju søstre turen», er de ei lita gruppe padlarar og de får med ein erfaren guide. Turen, startar i Geiranger hamn, og tek deg ut i fjorden til du ligg mellom fossane «dei sju søstre» og «friaren». Då kjenner de bruset frå begge sider av fjorden. Våre guidar fortel fakta og historier om Geirangerfjorden og området rundt. I tillegg vil dei ta godt vare på deg.  Gløym ikkje å ta med kamera så du kan forevige turen.