news01

Blomberg ligg 452 meter over havet, på eit fjellplata ovanfor garden Syltevik på sørsida av Geirangerfjorden. Garden er nemnt i skriftlege kjelder i 1650. I dagleg tale vart garden kalla for Holten. Vegen opp til Blomberg går i 28 svingar til dels langs eit gjøl, og mens sjølve husa ligg trygt for fonn, så er vegen svært utsett for ras. Vinterstid var det særleg det å skulle frakte borna til og frå skule i Geiranger kvar fjortande dag som var det mest farefulle.

news01

Dette er sannsynlegvis det mest berømte fossefallet som blir kalla Brudesløret i Noreg. Fossen fell i Geirangerfjorden eit lite stykke vest for Dei sju systre.

 


Foto: Terje Rakke

news01

Dalsnibba er ein av hovudattraksjonane i Geiranger, ein topp som er svært populær blant gjester som besøkjer området. Frå Dalsnibbeplatået har du ei forbløffande utsikt over noko av det flottaste av Unescos verdsarvsområde, innhylla i kringliggjande fjellandskap og med Geirangerfjorden midt i.

 

 

news01

Dei sju systre er blant dei mest fotograferte fossefalla i Geirangerfjorden. Dei ligg ved den fråflytta garden Knivsflå. Her stuper ikkje mindre enn sju fossefall rakt ned i fjorden.

 

news01

Flydalsjuvet byr på imponerande utsikt og er eit godt fotopunkt over Geiranger og Geirangerfjorden med dei mange cruisebåtane. Herifrå stammar eitt av Norges mest brukte fotomotiv i reiselivsreklamen.

news01

Fossefallet Friaren ligg på motsett side av Dei sju systrer i Geirangerfjorden. Han har ikkje noko høgt fritt fall, men deler seg på ein karakteristisk måte nedetter berget, slik at det i midten av fossen kjem fram bart fjell som har form som minner om ei flaske. Segna fortel at Friaren stadig var på friarføter til Dei sju systrer på motsett side av fjorden, men fekk stadig nei og vart til slutt så deprimert at han slo seg på flaska.

Knivsflå og Dei sju systre. Foto: Terje Rakke

Knivsflå ligg på ei fjellhylle like ved Dei sju systre i Geirangerfjorden. Før dei vart døypte om, heitte også desse fossane for Knivsfossane. Garden ligg på om lag same høgde som nabogarden på den andre sida av fjorden, Skageflå. Garden er gamal, og er nemnt i skriftlege kjelder alt i 1603. Den gongen var Knivsflå øydegard.

news01

Den særmerkte vegkonstruksjonen som har fått namnet ”Knuten”, står enno att i si originale form frå opninga i 1882. Han vart konstruert under arbeidet med Geirangervegen for å vinne høgde og kome over vanskelege terrenghindringar. Konstruksjonen som er bygt i stein, vitnar om framståande ingeniørkunst, og er eit viktig minnesmerke over vegpionerane som bygde Geirangervegen frå 1881 til opninga av vegen i 1889.

news01

Ørnevegen er namnet på den brattaste vegstrekninga opp gjennom lia frå Geiranger mot Eidsdal på fylkesveg 63. Her slyngjer vegen seg i elleve hårnålssvingar frå Geirangerfjorden og opptil det høgste punktet på strekninga 620 m.o.h ved Korsmyra.

news01

Skageflå er ein fråflytta fjordgard i vakre omgivnader over Geirangerfjorden. Garden vart kjend då Dronning Sonja og Kong Harald inviterte over 30 kongelege til lunsj på tunet då dei feira sølvbryllaupet sitt i 1993. Garden kan besøkjast til fots (bratt oppstiging) ved å avtale bringing og henting med M/S "Geirangerfjord".

news01

Storsæterfossen er eit fossefall der ein faktisk kan gå bak fossen. Ein godt tilrettelagt sti med rekkverk gjer turen bak fossen trygg. Turen inntil fossen, som ligg i Vesteråsdalen, tek om lag ein time frå garden Vesterås.