Opplev Geiranger med våre små, rare elbilar

Velkomen til Geiranger – og velkomen til ein ny, grøn og morosam måte å oppleve området vårt på! Gløym fulle bussar, venting og kø – med dei spreke elbilane våre kjem du deg kjapt dit du vil. Vi garanterer ei humørfylt oppleving når du oppdagar verdsarvområdet på eiga hand, i ditt eige tempo! Vi gir deg vår «opplevingsgaranti»: eit smil 

Å oppdage Geirangerfjordområdet i elbilane våre er som å fare på tur med ein venn som vil vise deg heimtraktene sine. «Den snakkande bilen» kjem med små forteljingar, gode råd – og viser deg dei beste stadene å stoppe, akkurat slik ein god venn gjer. Du kan velje å få forteljingane på norsk, engelsk, tysk, fransk, spansk og italiensk. Brett saman kartet, legg bort guideboka og følg GPS-guiden i bilen. Vi har mykje å fortelje.

Du kan velje mellom mange ulike turar – du finn garantert ein som passar for deg:

 

  • eTOUR Panorama View: Flydalsjuvet – Knuten – Vesterås
  • eTOUR Seven Sisters View: Ørnesvingen
  • eTOUR Geiranger Highlights: Flydalsjuvet – Vesterås – Ørnesvingen
  • eTOUR Flexi – dit du vil
  • eTOUR Glacier View: Flydalsjuvet – Djupvasshytta – Dalsnibba 1500 moh
  • eTOUR VIP: Med personleg guide

 

Start og stopp: Sentrum / Norsk Fjordsenter i Geiranger. Det er trygt og enkelt å køyre dei små el-bilane vi har i flåten vår. Vi gir deg den opplæringa du treng, før du legg ut på tur. Ingen CO2-utslepp, berre rein moro! Men hugs å ta med gyldig førarkort!

Online booking: http://www.emob.no/turar/

Photo: Johannes Lovund

For mer informasjon:

Telefon: +47 455 00 222 | Mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. | Web: www.emob.no