teaser_grande_fjord

Daglegvarebutikken ligg ved sjøen midt i Geiranger sentrum. I tillegg til alt innan daglegvarer har butikken også medisinutsal og eit visst utval fiskeutstyr, jernvarer, leiker, kjøkken- og kontorutstyr. Her finn du også Post i butikk, tipping og eit lite kaféhjørne som serverer kaffi og smårettar.

 

teaser_grande_fjord

 

 Café Olé er ein moderne kaffibar med høg kvalitet. Vi lokkar med internasjonale kaffidrinkar, kaker og smårettar. Vi har og øl og vinservering.

 

 

 

teaser_djupvasshytta

17 kilometer frå sentrum i den vakre fjordbygda Geiranger finn du Djupvasshytta ved avkøyrsla til utsiktspunktet Dalsnibba langs fylkesveg 63.

news01Fjelltun Camping ligg i den idylliske grenda Homlong, omlag 2 kilometer eller 5 minutts køyring frå Geiranger sentrum. Vi tilbyr utleigehytter, utleigeleiligheiter og teltplass. I kafeen vår, der vi også har uteservering, kan du få kjøpt dagens middag, kaker, is og kaffi. 

teaser_union

Fjordnær Geiranger Sjokolade produserer utsøkt sjokolade med lokale råvarer og med inspirasjon frå norske fjordar og fjell. Sjokoladen blir produsert i verdas første sjokoladefabrikk i eit naust, midt i hjartet av Geiranger.

teaser_union

 

Hotel Union Geiranger vert i dag drive av 4. generasjon Mjelva. I over hundre år har gjester kome hit for å overnatte – og for å oppleve. Monja og Sindre Mjelva ynskjer deg varmt velkomen – til eit komplett og moderne hotell, midt i eit verdskjent og vakkert fjordlandskap.