news01

Velkomen til Dalen Gaard Familiecamping der du nærast har ein dal for deg sjølv! Roleg, fredeleg og barnevenleg er stikkord som passar bra. Her er aktivitetar for alle: leikeplass, ørretfiske i elv og fine område for turgåing. Vi har eigne plassar til bålbrenning og grilling. Er du glad i dyr, kjem du til å trivast her. Her har vi hestar, geitekje og kaninar.

news01Fjelltun Camping ligg i den idylliske grenda Homlong, omlag 2 kilometer eller 5 minutts køyring frå Geiranger sentrum. Vi tilbyr utleigehytter, utleigeleiligheiter og teltplass. I kafeen vår, der vi også har uteservering, kan du få kjøpt dagens middag, kaker, is og kaffi. 

news01

Geiranger Camping ligg midt i turistbygda Geiranger, og er eit godt utgangspunkt for både sightseeingturar på fjorden, fotturar og andre utflukter.

 

news01

Geirangerfjorden Feriesenter held til på Grande, heilt nede ved sjøkanten, med panoramautsikt mot fossar, fjord og fjell. Vi har 17 hytter med høgstandard frå 26 til 55 kvm, campingplass og motorbåtar for utleige.

news01

Grande Hytteutleige og Camping ligg roleg og idyllisk til ved Geirangerfjorden, med ei fantastisk utsikt mot fjell og fjord. Grande Hytteutleige og Camping har totalt 16 hytter med høg standard, frå 28 til 40 kvadratmeter.

news01

Solhaug Camping ligg idyllisk til ved Geirangerfjorden, på Homlong, ca 2 km frå Geiranger sentrum. Campingen har flott utsikt mot bygda Geiranger og cruiseskipa som ligg på fjorden.

news01

Vinje Camping ligg ved fylkesveg 63, 1,5 km aust for Geiranger sentrum. Plassen er idyllisk og ligg fint i terrenget, med utsikt mot fjord og fjell, naturleg skjerma for vêr og vind.