news01

Velkomen til Dalen Gaard Familiecamping der du nærast har ein dal for deg sjølv! Roleg, fredeleg og barnevenleg er stikkord som passar bra. Her er aktivitetar for alle: leikeplass, ørretfiske i elv og fine område for turgåing. Vi har eigne plassar til bålbrenning og grilling. Er du glad i dyr, kjem du til å trivast her. Her har vi hestar, geitekje og kaninar.

news01Fjelltun Camping ligg i den idylliske grenda Homlong, omlag 2 kilometer eller 5 minutts køyring frå Geiranger sentrum. Vi tilbyr utleigehytter, utleigeleiligheiter og teltplass. I kafeen vår, der vi også har uteservering, kan du få kjøpt dagens middag, kaker, is og kaffi. 

news01

Fjorden Campinghytter ligg vakkert til heilt nede ved fjorden på Homlong i Geiranger, 2,5 km frå Geiranger sentrum, med eineståande utsikt over fjorden og bygda.

news01

Fossen Camping ligg flott til med utsikt mot bygda Geiranger og Geirangerfjorden, ca 3 km frå Geiranger sentrum. Hyttegrenda er eit perfekt utgangspunkt for dagsturar og vandringar i skog og fjell. Alle hyttene ligg i flott terreng med ei fantastisk utsikt mot fjord og fjell.

news01

Geirangerfjorden Feriesenter held til på Grande, heilt nede ved sjøkanten, med panoramautsikt mot fossar, fjord og fjell. Vi har 17 hytter med høgstandard frå 26 til 55 kvm, campingplass og motorbåtar for utleige.

news01

Grande Hytteutleige og Camping ligg roleg og idyllisk til ved Geirangerfjorden, med ei fantastisk utsikt mot fjell og fjord. Grande Hytteutleige og Camping har totalt 16 hytter med høg standard, frå 28 til 40 kvadratmeter.

news01Hyttegrenda ligg 3,5 km fra Geiranger sentrum med fantastisk utsikt over Geirangerfjorden, 100 m fra RV 63. Godt utgangspunkt for fotturar, fiske og alt som Geiranger har å by på av aktivitetstilbud og natur. Rolege omgjevnader med tilknytning til gardsbruk.

teaser_grande_fjord

Homlong hytteutleige ligg ca 2 km frå Geiranger sentrum, i eit roleg område ved fjorden med flott utsikt over Geiranger og omliggande fjell.

news01

Gjesteromma her på Lunheim dannar ei fredeleg ramme rundt opphaldet ditt i Geiranger. Både hagen og gjestekjøkkenet har panoramautsikt ned på Geirangerfjorden. Her kan du lage og nyte både middag og frukost. Kjøkkenet er velutstyrt, og har plass til inntil 6 gjester. Ynskjer du heller å ete ute, er det ein kort spasertur opp til restauranten til Hotel Utsikten.

 

marakhytteutleige

Ønskjer du å bu litt for deg sjølv, men likevel midt i smørauget, så er dette plassen for deg.

news01

Ørjasæter Utleige ligg ved "Knuten", ca 6 km frå Geiranger sentrum i rolege omgivnader med flott natur og turterreng rett utanfor døra. Knuten er i dag den køyrbare delen av den opphavlege Geirangervegen som vart opna i 1889.
Vi har to leilegheiter og ei hytte med høg standard.

 

 

 

news01

Solhaug Camping ligg idyllisk til ved Geirangerfjorden, på Homlong, ca 2 km frå Geiranger sentrum. Campingen har flott utsikt mot bygda Geiranger og cruiseskipa som ligg på fjorden.

news01

Vinje Camping ligg ved fylkesveg 63, 1,5 km aust for Geiranger sentrum. Plassen er idyllisk og ligg fint i terrenget, med utsikt mot fjord og fjell, naturleg skjerma for vêr og vind.

news01

Westerås Gard har både hytter, leilegheiter og eigen låverestaurant med ei spektakulær utsikt over fjord og fjell. I tillegg er garden eit glimrande utgangspunkt for fotturar i fjellet med turstiar som startar rett utanfor døra. Garden har vore i familien heilt sidan 1600 talet og er ein av tre gardar i Geiranger som framleis er i drift.