teaser_union

Audhild Vikens Vevstove har det største utvalet i gåver og suvenirar i Geiranger. Om du leitar etter gåver for å ta med heim, eller noko til deg sjølv, er her mykje å velje mellom. Klede, strikkevarer, tinnprodukt, litteratur, musikk og anna spanande.

teaser_grande_fjord

Daglegvarebutikken ligg ved sjøen midt i Geiranger sentrum. I tillegg til alt innan daglegvarer har butikken også medisinutsal og eit visst utval fiskeutstyr, jernvarer, leiker, kjøkken- og kontorutstyr. Her finn du også Post i butikk, tipping og eit lite kaféhjørne som serverer kaffi og smårettar.

teaser_grande_fjord

Olebuda ligg midt i Geiranger sentrum og har restaurant, kafé og gåvebud under same tak. Olebuda er eit moderne mathus i tradisjonsrike lokale som romma den første landhandelen og dampskipsekspedisjonen i Geiranger.

 

news01Dalsnibba er ein av hovudattraksjonane i Geiranger, ein topp som er svært populær blant gjestar som besøker området. Frå Dalsnibba-platået har du ei forbløffande utsikt over det flottaste av UNESCOs verdsarvsområde, innhylla i kringliggjande fjellandskap og med Geirangerfjorden midt i.

 

teaser_djupvasshytta

17 kilometer frå sentrum i den vakre fjordbygda Geiranger finn du Djupvasshytta ved avkøyrsla til utsiktspunktet Dalsnibba langs fylkesveg 63.

teaser_union

Vi har eit stort utval av strikkevarer frå Dale of Norway AS, sølv- og emaljevarer, tinn, krystall og andre suvenirar. Opningstidene i høgsesongen er frå klokka 9.00 til 22.00 alle dagar.

 

teaser_union

Fjordbuda ligg like ved ferjekaia midt i Geiranger sentrum. Dette er den einaste bensinstasjonen i bygda. I tillegg har vi stor suvenirbutikk. Her finn du glas, sølv, strikkevarer, julepynt, postkort og ei stor sportsavdeling i tillegg til is og snacks.

 

teaser_grande_fjord

 

Geiranger Galleri er eit moderne kunstgalleri i sentrum av Geiranger. Galleriet held til i den gamle skulen, som rommar tre etasjar med kunst og skiftande utstillingar.

 

teaser_union

Fjordnær Geiranger Sjokolade produserer utsøkt sjokolade med lokale råvarer og med inspirasjon frå norske fjordar og fjell. Sjokoladen blir produsert i verdas første sjokoladefabrikk i eit naust, midt i hjartet av Geiranger.

teaser_grande_fjord

Moods of Norway er eit kjent norsk varemerke som også har gjort det stort på den internasjonale marknaden. Varemerket har framleis hovudkontor og showroom i Stryn, ein magisk stad kjend for breane, laksefisket og ei nyopna rulletrapp. No har Moods of Norway også butikk i Geiranger.

 

news01

Norsk Fjordsenter er eit opplevingssenter med ein suvenirbutikk litt utanom det vanlege. Vi har fokus på norsk design og lokalproduserte varer.